Frostdalen - Skjeltrene (17.01.2026)
Skrevet av Esone (Einar Moen)
| Bestigninger | Skjeltrene (1393moh) | 17.01.2026 14:23 |
|---|---|---|
| Andre besøkte PBE'er | Smeddalsvatnet p-plass (935moh) | 17.01.2026 12:20 |
Rando med mykje flatt, men også fin køyring. Planla Skjeltrene, men gikk ut litt høgt i terrengen for å sjekke ut Vetle Frostdalen. Går nok greitt å gå inn der no. Men denne ruta gav meg noko kuppert terreng, tett bjørkeskog og djupsnø. Fasinerande, men det gikk smått. Etter kvart tangerte eg skispor litt nedanfor. Greitt. Inn Frostdalen, over vatnet, og opp sida. Greitt å gå opp her, då underlaget var hardare, og 10 cm nysnø oppå. Tungt etter kvart, då det kun var ein banan i sekken i dag. Fantastisk utsikt frå toppen. Morro køyring ned. Måtte svippe innom Sjekk-Ut på Frostdalen. På med fellene på vatnet, og beheldt dei på heilt nedatt. Litt problem med tett bjørkeskog, men kom da greitt ned. Ikkje bratt. Godt sleten då eg var tilbake att ved Sluten. Minus 14 no. Fin dag :)





Kommentarer