Rondane dag 1: Stygghøin (04.07.2013)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Dørålseter (1060moh)
Sluttsted Dørålseter (1060moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 4t 00min
Distanse 11,7km
Høydemeter 1050m
Kart
Bestigninger Småhaugan (1858moh) 04.07.2013
Øst for Småhaugan (1852moh) 04.07.2013
Stygghøin Øst (1853moh) 04.07.2013
Surt og vått ved Skagsnebbtjønne
Surt og vått ved Skagsnebbtjønne

Vi kom til Dørålseter ca 1330 etter å ha kjøyrt frå Lote på morgonkvisten. Planen var toppar i Rondane >1800m >100 m pf. Dørålseter virka som eit spennande utgangspunkt for turar, trass lange anmarsjar. Dette er ikkje noko for vestlendingar som er vant til at det går rett opp frå fjorden. Dag 1, plan Stygghøin. Lavt skydekke nedpå toppane men ikkje nedbør. Gjekk frå Dørålseter mot Dørålsglupen, tok av stien og gjekk mot pkt 1584 og vidare til Småhaugan. Skilt på toppen seier at denne heiter Stygghøin. Frå ca 1600 moh surna det til og det vart både regn og ein helsikes vind på toppane. Gjekk på GPS. Frå topp 1853 rett austover mot Skagsnebbtjønne. Fann nokre snøfelt her som vi sjølvsagt nytta. Lett retur på sti frå vatnet til Dørålseter. Ein sur start på turneen. Berre å komme seg i teltet og mekke middag/lese krim.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.