Svarteknibba - rundtur (26.10.2025)
Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen)
| Bestigninger | Blåfjellet 985 m i Gaular (985moh) | 26.10.2025 |
|---|---|---|
| Kvanngrødholten (810moh) | 26.10.2025 | |
| Svarteknibba (1150moh) | 26.10.2025 |
Køyrte opp til parkering ved Nydalsstølen. Hadde hørt det skulle gå ein sti opp mot Kvanngrøholten. Og det gjorde det. Rett ved parkeringsplassen fann eg ein sti som gikk opp lia og over elva. Stien var ganske tydeleg. Oppe på høgda mista eg sporet av stien, då sikta eg meg opp mot toppen av Kvanngrødholten. Greitt å gå oppover mot toppen.
Frå Kvanngørdholten sikta eg meg opp mot Blåfjellet. Delvis tydeleg tråkk og delvis utan tråkk.
Frå Blåfjellet måtte eg gå litt austover før eg kunne sikte meg ned mot dalen og opp mot Svarteknibba. Her også var delvis sti og delvis mangel på sti, men greitt å gå.
Fulgte den merka ruta ned frå Svarteknibba mot Nydalsstølen. Eg kan ikkje hugse at stien var så lite gått. Men ruta er godt merkt.












Kommentarer