Tverrbottindan (04.04.2025)  3

Skrevet av Olavtorgersen (Olav Torgersen)

Startsted Sletthamnsætre (1200moh)
Sluttsted Sletthamnsætre (1200moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 6t 00min
Distanse 13,5km
Høydemeter 1220m
Kart
Bestigninger Midtre Tverrbottinden Nord (2151moh) 04.04.2025
Midtre Tverrbottinden Sør (2106moh) 04.04.2025
Store Tverrbottinden (2161moh) 04.04.2025
Vest for Tverrbottinden V1 (2110moh) 04.04.2025

Litt kjei form. Vart ein del små stopp. To karar før meg heile vegen, eine av dei gjekk opp på Vestre Tverrbottind 2113, men det kravde ein del meir av ein, då det var noko meir eksponert og i halvdjup snø. Ikkje umogleg, men eg hadde for lite futt i kroppen til å orke, so det vart med fortoppen i dag. Eg gjekk igjennom med den eine foten i ein bresprekk mellom Leirløyfte og Søre Ilåbreen som var dekt med eit tunt snølag. Ein tankevekker. Her er det fleire som har sett seg fast. Ein trønder sette seg fast her for ikkje så lenge sidan, og vart redda av sekken som hang att. For endå fleire år sidan var det ein kar som hamna mykje lenger ned, og berre fekk redda seg då han så vidt rakk å sende koordinatane til naudetatane før telefonen døde.
Nedkøyringa frå leirløyfte var artig. Ganske bratt i det eine henget der, kor det hadde gått nokre skred for nokre dagar sidan. Der var det nokso laust, men lengre ned (og partiet ovafor forøvrig) var det hardt og fint.
Eg hadde med meg altfor lite vatn, og hadde ei generelt dårleg dagsform, men det gjekk no greit. Dei andre Tverrbottingane utanom Vestre var rimleg kjedlege, trauste "høer" som det finnast so mange av. Greit å ha vore på dei ein gong, men det held nok med det.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.