Endeleg fint vær. Tok bussen opp til Sørkedalen og fulgte grusvegen oppover. Tok av på sti og gjekk mot Stubberudseterhøgda. Grei sti opp dit. Gjekk vidare mot Heikampen og trudde eg skulle finne sti. Men tydeleg er dette ei skiturløype og ikkje sommerturløype, så myr og uten sti. Tok retning frå Heikampen og ned mot grusveg utan noko god sti. Konklusjonen min er at i Nordmarka er det litt anten eller. Anten er det grusveg, eller så er det blautmyr og ingen sti (og ein og anna sjeldan sti) etter å ha plumpa opp i myr og vatn. Fann stien opp mot Kikut og nedatt til Kikutstua. Blei litt forundra då det sto 8,5 km i gangsti mot Skar. Fulgte grusvegen eit stykke og oppdaga at dette skiltet var i alle fall heil feil, sidan eg etter fleire km hadde meir enn 8 km att til Skar. Blei plukka opp av søsteren på Skar før det bar avgårde til kino med søster og tantebarn.
Kommentarer
Tittel mangler
Skrevet av agnar 11.10.2025 21:29Nordmarka sitt høgste, men ikkje Oslo.
Sv:
Skrevet av reikri 12.10.2025 18:10Ja, stemmer nok det. Men det er høgste blandt dei med 100m pf.
Sv:
Skrevet av Garm 13.10.2025 00:09Høgast i Nordmarka er Svarttjernshøgda (717 moh.) :)