8.7 km km fjelltur til Bergsfjellet øst 1427 moh (23.08.2025)
Skrevet av josokbakke (Ole-Johann Jøsokbakke)
Bestigninger | Bergsfjellet Øst (1428moh) | 23.08.2025 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Bergsfjellet øst - sti fra øst (660moh) | 23.08.2025 |
Skakadalen bomvei (600moh) | 23.08.2025 | |
Vårheim parkeringslomme (658moh) | 23.08.2025 |
Fin fjelltur saman med Lisbeth.
Dette blei ei bra helg!
På fredag var vi på Musikkfestivalen Ypsilon i Drammen.
Laurdag morgon tok vi bilturen mot Fagernes via Aurdal og Bakeriet i Valdres der vi bunkra kanelsnurrar.
So køyrde vi vidare til Grindaheim og Vang i Valdres og det sjarmerande Sommerhotellet.
Derifrå køyrde vi opp til Vårheim parkeringslomme og gjekk på ein fin fjelltur til Bergsfjellet Øst.
Vel nede igjen åt vi ein herlig treretters middag basert på lokale råvarer til kvelds. Desserten var fantastisk!
Sjølve fjellturen var også flott!
Vi var litt skeptiske før vi køyrde opp til starten på råsa.
Det bles sopass friskt at bølgetoppane kvita seg på Vangsmjøse!
Men vi fulgte råsa oppover bjørkeskogen på lesida av fjellet so det var godt og varmt.
Det var heilt passe med shorts og t-skjorte.
Då vi kom eit stykkje over tregrensa der råsa svinga nordover opp flanken mot toppen kom vi ut av le og inn i vinden. Då var det på med vindtette klede.
På toppen var utsikta heilt fantastisk.
Men på grunn av vinden orka vi ikkje å gå bortover langs med stupa til Bergsfjellet Ø2 og Bergsfjellet Ø3. Det får bli ein annan gong der vi har tid til ein lenger rundtur der vi går heilt til Bergsfjellet
Etter overnatting og god frokost på Sommerhotellet søndags morgon gjekk vi på nok ein kremtopp før vi reiste heim:
8.3 km fjelltur til Grindane 1724 moh
Lister:
- I Slingsbys fotspor (15/103)
- Innlandet ≥ 100m pf.
- Oppland ≥ 1000moh og ≥ 100m pf.
- Oppland ≥ 100m pf.
- Valdres ≥ 100 m pf.
- Vang alle topper
- Vang ≥ 100m pf.
Kommentarer