Tengesdal frå Trodlatysdal (15.06.2025)
Skrevet av Kaare_70
Andre besøkte PBE'er | Tengesdal (275moh) | 15.06.2025 |
---|
Denne spennande fellesturen gjekk til særs avsidesliggande Tengesdal, med mange lokalkjente som kunne fortella om staden. I overskya opphaldsver fekk me effektiv skyss frå Verven lengst vest på Øvre Tysdalsvatnet og inn til Trodlatysdal, der me starta på sjølve turen i 10-tida.

Det var tilbod om båttransport på Tengesdalsvatnet óg, men dei sprekaste gjekk den svært kuperte turen om Aksla. Me følgte T-stien inn dalen i retning Viglesdalen før me tok av på nyleg gulmerka løype i Tverrlia ein stad rundt 400m-koten. Herifrå gjekk det stadvis på sti og stadvis som rein "bushing" over Aksla som med sine 500moh er ruta sitt høgdepunkt. På veg hit kryssa me Mågåna og kunne sjå ned mot den vesle flata Marafutona (betyr vel i klartekst noko slikt som "Hesterævhylla") som i fleire omgangar på 1800-talet fungerte som husmannsplass under Tengesdal. Sanneleg til ettertanke i vår makelege tidsalder!
Frå Aksla kunne me sjå vidare innover dalen til tronge Norddalen og karakteristiske Odden, men dalbotnen i sjølve Tengesdal er i våre dagar så tettvaksen at me ikkje kunne sjå hytta. Bare elvehølen Floen eit stykke innanfor vassenden braut monotonien i den skogkledde dalen sett herifrå. Ned frå Aksla gjekk det i liknande terreng som i Tverrlia til me var nede ved Floen, og mange tenkte nok på at heimvegen over Aksla ville kjennast godt i beina – ingenting gratis på returen heller, altså!
Langs den nesten tørre elva gjekk me på god sti og delvis veg opplødd av generasjonane i Tengesdal og truleg av "Sterke-Jon" på 1820-talet. Og så etter 1 km oppetter den skogkledde dalbotnen, kom me til ein åpen plass med hytta litt oppe i høgre/søre sida. Her var det alt godt med folk som hadde kome over vatnet, og etter kvart var me heile 40-50 personar. Sjølv brukte me 3 ¼ timar heilt inn via Aksla med eit par korte stopp. Ved hytta som ligg der det gamle huset stod, var det mange lokalkjente som informerte om både svært gamle og noko nyare tider her inne. Eg vil tru at alle deltakarane gjekk heim med større kunnskap enn då dei kom, og med stor respekt for generasjonar sitt slit for føda i Tengesdal.


Etter godt over ein time i Tengesdal, i det som etter kvart vart strålande solskin, returnerte me same vegen som me kom. Og litt over kl. 17, etter 12 km, 750 hm og 7 timar 10 min på tur, var det godt å vera tilbake og kvila beina i vasskanten i Trodlatysdal.
Kommentarer