Høybakkhovde (03.06.2013)

Skrevet av mariusmeland (Marius Meland) GSM

Turtype Fottur
Distanse 4,2km
Høydemeter 180m
Kart
Bestigninger Høybakkhovde (377moh) 03.06.2013

Høybakkhovde er Nordre Lands lågastliggande topp (der definisjon topp = PF > 50 meter). Toppen ber ikkje preg av mykje besøk (ser ikkje ut som det har vore folk på toppunktet før). Eigentleg hadde den fortent ein betre skjebne. Med 170 høgdemeter frå fv. 33 og ein relativt markert utsjånad frå fv. 33, hadde det ikkje vore unaturleg at den hadde fått ein større status som nærtur i lokalmiljøet.

På veg frå jobboppdrag i Valdres valde eg å utnytte anledningen ved å gå opp då, noko som sparer meg for mykje reisetid om eg elles hadde valt å køyre heilt frå Lillehammer for å bestige denne toppen. Eg valte å gå skogsbilveg til eit skar på 300 m.o.h., deretter skrådde eg rett mot sør. Turen i terrenget var bratt og småstrabisiøs (lite sti og til dels tett skog), og toppen er dermed truleg ei større fysisk utfordring enn mange av sine høgare og meir kjende naboar.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.