Vesle Nup - draumedag (18.04.2025)

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjellskitur
Turlengde 3t 08min
Distanse 15,0km
Høydemeter 727m
GPS
Bestigninger Vesle Nup (1510moh) 18.04.2025

Gjekk på beina opp lia frå Haukeliseter. Brukte litt tid på å stokke mannskapet, men eg endte med å gå til Vesle Nup med Svein og Ingunn, medan mann, dotter og nybyrjarpartner gjekk ein liten tur i køyrde spor. Neste vindstille, nesten skyfritt. Fin temperatur. Følgde mange andre nesten i kø opp til toppen. Supert føre, men gjekk på tynne langrennski for hadde opphavleg tenkt å gå i dei fine køyrde spora. Men i dag var det ikkje noko problem å renne ned på langrennski, sjølv om det starta å bli litt blautt på tilbaketuren. Fantastisk fin liten topptur! Veldig grei trasé både opp og ned, nydeleg toppunkt der mange fine kjenningar kunne identifiserast: sandfloegga, Nupsegga, Hårteigen, Vassdallsegga og Kistenuten. Gjekk veldig greitt tilbake også. 3 t 10 min, 727 hm, 15 km. Ingunn og Svein var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.