Krunene og Blåfjellet (06.04.2025)
Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen)
Bestigninger | Blåfjellet (1066moh) | 06.04.2025 |
---|---|---|
Krunene (1066moh) | 06.04.2025 | |
Tjønnafjell (688moh) | 06.04.2025 | |
Andre besøkte PBE'er | Tjønnelandsstølen (520moh) | 06.04.2025 |
Nok ein nydeleg dag med påskefølelsen om bord.
Eg har høyrt at det var mogleg å gå opp frå Tjønnelandsstølen og opp på ryggen mot Krunene. Så eg tenkte eg skulle teste om det gjekk. Og ja, det gjekk. Men er litt usikker på om eg gjekk rette ruta. Litt bratt og ukurant nokre stader, men ikkje verre enn at eg kom meg opp. Veldig greitt å følgje ryggen innover mot toppen. Snøen var så hard at det ikkje var noko problem å gå oppå utan broddar. Hærleg å ta ein pause ved varden med lunsjen før eg gjekk nedatt. På veg nedatt tok eg ikkje sjansen på at det skulle gå like bra ned mot Andersskaret, så då kom broddane på. Det var uansett fint å gå på snøen ned med broddane på og opp til Blåfjellet. Returen gjekk via Andersskaret og ned mot Tjønnelandsstølen.
Kommentarer