Ski Filefjell (01.01.2025)
Skrevet av Esone (Einar Moen)
Andre besøkte PBE'er | Kongevegen parkering Filefjell (919moh) | 01.01.2025 13:44 |
---|
Då blir det unntak i år, frå prinsippet eg har halde meg til her. At berre turar som gir grøn eller raud topp skal registrerast på Peakbook. Tek med andre turar i naturen innimellom. Ikkje alt, og t.d. ikkje bordtennis-trening ;)
I dag blei det min fyrste skitur denne sesongen. Lite snø, og eit bittelite uhell i starten. I det eg skulle over ei lita grov med noko is på ved Kyrkjesølen, pluppa eg uti med eine skia. Kan seie at isinga var omfattande, og gliden dårleg fyrst halvtimen. Fekk av ein del is etter to forsøk. Gliden kom seg gradvis. Fin-fin skitur i klårt vèr.
Ved runding Otrøvatn, fekk Suletinden ein fin glød av sola, som fekk hjelp av ei lita godvèr-sky. For tidleg med Randonè eller fjellski enno. Det viste -20 ute då turen var ferdig litt før kl. 16.
Kommentarer