Langbotnegga (09.10.2024)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 33min
Distanse 16,3km
Høydemeter 1198m
GPS
Bestigninger Instengjebottnsegga (1298moh) 09.10.2024
Langebottnsegga (1299moh) 09.10.2024
Steinbotnegga (1062moh) 09.10.2024
Andre besøkte PBE'er Dalavegen (295moh) 09.10.2024

Nok ein dag med så som så vær. Det såg ut som om det kunne være antydning til lettare vær i Jølster, så då blei det tur til Jølster. Eg hadde tenkt å ta tilsvarande runde eg hadde for nokre år sidan der eg gjekk heile Langebotn rundt, men eg ville prøve å gå frå Årdalen via Fjellstøylen for å variere litt.
Fulgte merka og synleg sti opp til Fjellstøylen og vidare opp til Skaret.
Det var synleg og merkt sti heile vegen opp til Innestengbotnsegga. Men til mi skuffelse var det null utsikt og ein del tåke som ikkje ville sleppe heilt taket. Men ettersom eg kunne følge merka og stort sett synleg sti, var det berre å gå. Men eg tok ikkje sjansen på å gå heilt rundt dalen då eg var usikker på kvar stien vidare skulle gå og eg veit at stien kan være litt bratt ned. Så då er det betre å være på den sikre sida og gå samme vegen tilbake. Gjekk i staden bort til Instengjebottnsegga og retur samme veg. Fin utsikt etter kvart som tåka letta og eg kom meg lenger ned i terrenget.

Stien opp til Fjellstølen
Stien opp til Fjellstølen
Stien opp til Fjellstølen
Stien opp til Fjellstølen
Utsikt på veg opp til Fjellstølen
Utsikt på veg opp til Fjellstølen
Ved Steinbotnegga. Ikkje akkurat slåande utsikt denne dagen
Ved Steinbotnegga. Ikkje akkurat slåande utsikt denne dagen
Ved Steinbotnegga. Ikkje akkurat slåande utsikt denne dagen
Ved Steinbotnegga. Ikkje akkurat slåande utsikt denne dagen
Ikkje slåande utsikt frå toppen av Langebottnsegga
Ikkje slåande utsikt frå toppen av Langebottnsegga
Varden på Instengjebottnsegga. Ikkje slåande utsikt her heller i dag.
Varden på Instengjebottnsegga. Ikkje slåande utsikt her heller i dag.
Langebottnsegga i sikte. Tåka kom og gjekk og eg bomma litt på timinga.
Langebottnsegga i sikte. Tåka kom og gjekk og eg bomma litt på timinga.
Fjellstølen
Fjellstølen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.