Napanuten i ettermiddagssol (25.09.2024)  5

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 1t 57min
Distanse 3,6km
Høydemeter 217m
GPS
Bestigninger Napanuten (486moh) 25.09.2024
Vest for Napanuten (414moh) 25.09.2024

Køyrde inn frå Garvik mot Trollebotn. Første gong på Seljordsheia for meg. Følgde Sirohos løypeval mot Napanuten, men feilorienterte i pinleg grad og styrte inn mot den mykje lågare toppen vest for Napanuten. Gjekk opp der og såg då Napanuten som eit utilgjengeleg glasberg mot nordaust. Gjekk tilbake og mot vest slik at eg kom inn på sporet til Siroho. Svakt spor av stig som det var lurt å følgje, for det meste elles er for bratt og utilgjengeleg. Toppunktet var utruleg flott, stupbratt til alle sider, blanke berg og krokfuruer. Vidt rundskode. Sporet mitt tilbake bør følgjast når ein går opp også, for her var stig nesten heile vegen!
Var litt halvsjuk, men deilig å få til ein liten tur likevel!
3,57 km, 1 t 57, 217 hm. Gjekk aleine i nydeleg vær.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.