Frå Liarvatnet til telt på Brogaheia om Knausane (21.09.2024)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Bergeheia (706moh) 21.09.2024
Knausane (587moh) 21.09.2024
Krunefjell (723moh) 21.09.2024
Andre besøkte PBE'er Langavatnet demning (450moh) 21.09.2024
Brogaheia våpenkonteinere (645moh) 21.09.2024

Denne strålande haustdagen skulle me gå frå parkeringa ved Liarvatnet og telta på Brogaheia ovanom Longavatnet, dette for å gjera alt klart til minnemarkeringa der oppe dagen etter. 80-års markeringa etter det allierte våpensleppet i november 1944 hadde kome i stand på mitt initiativ i tett samarbeid med Hjelmeland og Strand kommunar og HV-08. Sistnevnte har naturlegvis sterke band til hendingane pga. innsatsstyrke Osprey som har navn etter den første luftbårne Linge-operasjonen i Rogaland i desember 1943.

Kameraten og eg valde ikkje lettaste vegen som går om Grimsli og Forenesvatnet, men i finvêret ville me nytta dagen og gjekk om Småsildalen, Holmavatnet og Ospeskardet. Her tok me ein fin avstikkar oppom høgdedraget Knausane som med sine 587moh utgjer eit framifrå lokalt utsiktspunkt. Her kunne me ha mat- og kaffipause i T-skjorta og retteleg nyta livet.

Ved utløpet av Holmavatnet mot ruvande Liaknuten
Ved utløpet av Holmavatnet mot ruvande Liaknuten
Klassisk utsikt frå Ospeskardet mot Longavatnet og Vardhusheia
Klassisk utsikt frå Ospeskardet mot Longavatnet og Vardhusheia
Den vesle tjødna under toppen av Knausane
Den vesle tjødna under toppen av Knausane
På Knausane med utsikt mot Vardhusheia og -tjødnane
På Knausane med utsikt mot Vardhusheia og -tjødnane
Frå same staden med utsikt sørover Longavatnet
Frå same staden med utsikt sørover Longavatnet
Fornøgd på Knausane, 15 år sidan sist!
Fornøgd på Knausane, 15 år sidan sist!
Mat- og kaffipause på Knausane med Krunefjell og Bergeheia som bakteppe
Mat- og kaffipause på Knausane med Krunefjell og Bergeheia som bakteppe

Etter pausen fann me ned til Longavatnet/Vardhustjødnane, vidare nordover til stemmen og opp til den store flyttblokka med minneplata på Brogaheia. Etter avgang frå Liarvatnet kl. 1215 var me framme her etter om lag 5 timar medrekna den gode pausen.

Me nærmar oss stemmen i Longavatnet/Vardhustjødnane
Me nærmar oss stemmen i Longavatnet/Vardhustjødnane
På stemmen
På stemmen
I fint driv opp bakkane mot Brogaheia
I fint driv opp bakkane mot Brogaheia
Tørr og fin teltplass på Brogaheia
Tørr og fin teltplass på Brogaheia

Etter oppsetting av teltet på ein tørr og fin rabbe tok me turen oppom ura der restane av våpencontainerane framleis ligg. Vidare gjekk me heilt vest til toppen av Krunefjell og fekk nyta kveldsutsikten over Tysdalsheia, Forenesvatnet og tilbake til utgangspunktet ved Liarvatnet. Returen gjekk same veg og bratt oppom toppen av Bergeheia før det vart kveldsmat på stormkjøkkenet; betasuppe med pølse og suksesskake til dessert.

I ura der restane etter våpensleppet framleis ligg
I ura der restane etter våpensleppet framleis ligg
I Ølskar på veg mot Krunefjell med tallause toppar i Jørpelandsheia som bakteppe
I Ølskar på veg mot Krunefjell med tallause toppar i Jørpelandsheia som bakteppe
Tjødna oppunder toppen av Krunefjell
Tjødna oppunder toppen av Krunefjell
Fornøgd på Krunefjell!
Fornøgd på Krunefjell!
Kveldssol over vakre Forenesvatnet
Kveldssol over vakre Forenesvatnet
Solnedgang over Krunefjell sett frå Bergeheia
Solnedgang over Krunefjell sett frå Bergeheia
På Bergeheia med utsikt mot Vardhusheia
På Bergeheia med utsikt mot Vardhusheia
Kveldskos på teltplassen på Brogaheia
Kveldskos på teltplassen på Brogaheia

Fasit vart om lag 14 km, 950 hm og 7 ½ timar inkludert kveldsturen t/r Krunefjell, og hermed skulle alt vera klart for minnemarkeringa neste dag.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.