Valdresflya-Bygdin med toppar (22.09.2024)
Skrevet av Esone (Einar Moen)
Bestigninger | Øystre Fagerdalshøe (1504moh) | 22.09.2024 11:21 |
---|---|---|
Øystre Fagerdalshøe S (1502moh) | 22.09.2024 11:29 | |
Vestre Fagerdalshøe (1424moh) | 22.09.2024 11:46 | |
Heimre Fagerdalshøe V (1474moh) | 22.09.2024 12:04 | |
Heimre Fagerdalshøe (1510moh) | 22.09.2024 12:12 | |
Synshorn Sør (1455moh) | 22.09.2024 13:01 | |
Kongsliknuppen (1386moh) | 22.09.2024 13:39 |
Køyrde opp på Valdresflya, etter å ha overnatta litt før Båtskardet. Plan var å gå over toppar og avslutte turen ved Bygdin. Marita som sjåfør. Følgde varda rute over nesten flatt landskap med steppe, myr og stein til fjellfoten. Kurs-endring 90 grader, og eg gikk så rett opp ryggen mot Øystre Fagerdalshøe. Jamnt bratt, og litt brattare med skrentar like under toppen. Vidare var det å følgje frå topp til topp bortetter. Flott utsikt mot vatn og stortoppar under vegs. Like etter Heimre Fagerdalshøe small det i hagelskot, ikkje langt unna. Kom så to unge jægrar med skytevåpen beredt, like under meg. Etterpå ein noko vaksnare kar med fuglehund. Litt overraska over val av jakt-terreng. Dette er ein fjellrygg, og her går det ein del fot-turistar. Mange som går til Synshorn Sør, og nokre held fram vidare på ryggen. Møtte to følge med fot-turistar oppå. Ned frå Synshorn Sør er det mykje sva-parti, som er greie å gå på når det er turt. Tok også med ein Vang-topp til i dag, Kongsliknuppen. Det var ikkje store avstikkaren. Vellukka helg i Vang med 6 toppar over pmf. 100 m, samt nokon lægre. Tre passe lange turar over tre dagar i nydeleg vèr.
Kommentarer