Gulebrystet (03.08.2024)
Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen)
Bestigninger | Gulebrystet (480moh) | 03.08.2024 |
---|
Etter eit par lange fjellturar dei foregåande dagane, var det godt å kunne ta ein kort tur. Gulebrystet har eg ikkje vore på før, i tillegg har eg misstanke om at det skulle være fin utsikt. Så då blei det Gulebrystet. Parkerte ved eit busskur ved Sandvika, rett før kirka. Gjekk vegen Sandvika til endes. Der var det merka rute heilt opp til topps. Bratt tur og relativt kort. Stien var tørr og fin med nokre berg enkelte stader. Flott utsikt frå toppen og til og med ein benk som er sett ut på kanten.
Kommentarer