Steindalsfjellet og Dyrdalsknausen (22.06.2024)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 55min
Distanse 18,3km
Høydemeter 1070m
GPS
Bestigninger Dyrdalsknausen (725moh) 22.06.2024
Steindalsfjellet (801moh) 22.06.2024

Tur med ein veldig kjekk kollega til Steindalsfjellet. Det er rart det der at dei fjella ein er vaksen opp rundt, ikkje alltid er dei fjella ein har besøkt. Dette gjeld for kollegaen min. Ho er vakse opp rett under dette fjellet, men aldri vore på toppen. Så i dag fekk ho sjansen. Etter det eg forstår, så skal det gå ei rute sånn omtrent rett opp, men ettersom verken eg eller ho er så veldig kjent oppover fjellet, så tok vi ikkje sjansen på noko krumspring opp fjellsida. Så vi gjekk den trygge ruta opp. Og på trass at værmeldingane lova regn, så kom ikkje ein drope. Det blei til og med litt heitt etter kvart. Fulgte ikkje merkinga heilt på veg opp, men vi gjorde det nedatt. Eg hadde ein avstikkar opp til Dyrdalsknausen før vi gjekk nedatt til bilen.

Rimmavatnet
Rimmavatnet
fint å gå oppover langs elva
fint å gå oppover langs elva
Utsikt nordvestover frå Steindalsfjellet
Utsikt nordvestover frå Steindalsfjellet
Utsikt sørover frå Steindalsfjellet med utsikt mot Heilefjellet
Utsikt sørover frå Steindalsfjellet med utsikt mot Heilefjellet
Utsikt vestover frå Steindalsfjellet
Utsikt vestover frå Steindalsfjellet
Utsikt østover mot Bolteheia frå Dyrdalsknausen
Utsikt østover mot Bolteheia frå Dyrdalsknausen
Utsikt vestover mot Steindalsfjellet frå Dyrdalsknausen
Utsikt vestover mot Steindalsfjellet frå Dyrdalsknausen
Utsikt nordvestover frå Dyrdalsknausen
Utsikt nordvestover frå Dyrdalsknausen
På veg nedatt frå Dyrdalsknausen
På veg nedatt frå Dyrdalsknausen
Fossen langs stien ned frå Steindalsstølen
Fossen langs stien ned frå Steindalsstølen

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.