Steinkrossen (15.05.2024)
Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen)
Bestigninger | Steinkrossen (762moh) | 15.05.2024 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Steinkorshytta (733moh) | 15.05.2024 |
Tur med kollegaer ved Førde vgs.
kvar veke er det lagt inn ein tur med Førde vgs. Denne gongen vart det Steinkrossen med innlagt pause for bading i Kringlevatnet. Eg må innrømme at eg var litt skeptisk då eg såg det framleis var litt is på vatnet, men eg kunne ikkje vere verre enn to av kollegaene mine, så eg hoppa i det.
Ja, det var kaldt og ja, det var godt å komme oppatt etter å ha vore uti, spesielt ettersom sola skein. Flott å sitte på toppen og berre nyte utsikta og sola. Vi kunne endå til sjå platform på Gjøafeltet. Absolutt ein fin tur.
Kommentarer