Supre tre dagar for å krysse av Pyttegga (13.05.2024)  6

Skrevet av bakken59 GSM

Startsted Brøste
Turtype Fjellskitur
Turlengde 16t 00min
Distanse 48,0km
Høydemeter 1832m
GPS
Bestigninger Pyttegga (1999moh) 13.05.2024

Har lenge drøymt om denne turen, og denne gongen klaffa det for turfølget og med vêr og fridagar. Vi starta på Nordseter og køyrde til Brøste. Der snakka vi litt med ein bonde som sa at vegen vidare ikkje var køyrbar, og at vi måtte belage oss på skibering. Det stemte. Vi bar skia på sekkane nesten heilt fram til Kabben (5,5 km), og derifrå måtte vi av og på med skia fleire gonger fram til Tunga. Vi gjorde feil vegval og følgde sommarstigen på høgre side av elva oppover. Det blei eit mas med ski av og på, med kratt og myr, og med skigåing i lyng og myr. Dei siste par kilometrane var det gode femner å gå på. Vi brukte seks timar på 18 km! Vi var aleine i Puttbua, og starta å gå før kl 0900 måndag morgon. Sol og svak bris. I høgda bles dei meir. Vi følgde veldig grei trase heilt opp, tok det roleg, og brukte ca 3 timar opp. Fabelaktig rundskode! Det bles for mykje til at vi kunne raste der oppe, i staden køyrde vi ned i dumpa under toppen og åt niste bak ein stein, tre stykke i same vindsekk!
Vi var nede ved Puttbua etter 4 t og 45 minutt.
Stadvis våt og roten snø på flatene, men heldigvis ganske fast i nedoverbakkane.
Vel framme på hytta møtte vi eit tysk/sveitsisk par som brukte seks dagar i Tafjordfjella, dei hadde også masa seg fram frå Brøste same veg som oss, men sidan hadde dei vore på Tordsnos og Veltdalshytta. Dei drog i veg kl 0615 på tysdag morgon på veg til Pyttegga, og då vi såg etter dei, såg vi at dei møtte ein reinsflokk litt oppe i bakken. Må ha vore flott å få sjå dyra så nære! Vi såg dei jo berre i god avstand.
Vi starta heimturen kl 0645 på skare, i morgensol og hadde gjort valet om å gå den øvre traseen over fjellet og ned til Tunga. Det var smart! Store flotte snøfelt, og tørr stig utan vegetasjon der vi måtte av med skia. Og eit samanhengjande flott renn heilt ned til dei fine hyttene på Tunga. Fantastisk flott område med kjempefuruer og tjørebreidde gamle hus.
Mykje av og på med ski ned til Kabben. Til slutt bytte vi til joggesko og fekk lasta skia på sekkane for dei siste fem kilometrane på veg.
20 varmegrader og t-skjortevær og imponerande flomdiger elv prega siste delen av turen.
Anne og Eirik var med. 48 km, 16 timar, 1832 hm fordelte på tre dagar.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.