Kvamsfjellet (05.05.2024)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 4t 04min
Distanse 13,9km
Høydemeter 782m
GPS
Bestigninger Kvamsfjellet (1034moh) 05.05.2024
Vestre Kvamsfjellet (998moh) 05.05.2024

Varden midt i Sunnfjord er ein av Indre Sunnfjord turlag sine mål i årets Titur. Så då blei det tur dit og vidare opp til Kvamsfjellet og ned på andre sida. Like greitt å gjere turen til ein rundtur når eg først er i gang. Har aldri prøvd ruta frå Gjesdalen før, så eg var litt spent på korleis den var i forhold til dei andre rutene eg har hatt. Eigentleg ganske fint å gå, sjølv om det var litt snø her og der. Litt meir snø frå Varden og opp til Kvamsfjellet og vidare over og ned til Skibakken. Brukte dei nye Merrell-skoa og dei fungerte godt i dag også. Turen over Kvamsfjellet er merkt med raude prikkar i tillegg er terrenget greitt å gå i. Flott dag å velje denne turen på med sol, trass i nokre snøfenner.

Stistart frå vegen opp mot Bakkestølen.
Stistart frå vegen opp mot Bakkestølen.
Varden midt i Sunnfjord kommune
Varden midt i Sunnfjord kommune
Utsikt frå Varden
Utsikt frå Varden
Utsikt mot Middagsfjellet og Kvitefjellet
Utsikt mot Middagsfjellet og Kvitefjellet
vegen opp frå Varden til Kvamsfjellet
vegen opp frå Varden til Kvamsfjellet
Utsikt frå toppen av Kvamsfjellet
Utsikt frå toppen av Kvamsfjellet
Utsikt frå Kvamsfjellet
Utsikt frå Kvamsfjellet
Utsikt nordover mot Flugestøylen
Utsikt nordover mot Flugestøylen
Trollebotnen med utsikt mot Halvgjerda og Heilefjellet.
Trollebotnen med utsikt mot Halvgjerda og Heilefjellet.
På veg nedatt med utsikt mot Jølstravatnet
På veg nedatt med utsikt mot Jølstravatnet
På veg nedatt med utsikt mot Tindefjellet
På veg nedatt med utsikt mot Tindefjellet
Amfen. Utsikt mot Førde.
Amfen. Utsikt mot Førde.
Jølstravatnet
Jølstravatnet

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.