Hardhausturen 2024 - Fivelstad til Leira (27.04.2024)
Skrevet av AndreasNordgreen (Andreas Nordgreen)
Bestigninger | Kårdalstindane vestre (1470moh) | 27.04.2024 |
---|---|---|
Kårdalstindane (1487moh) | 27.04.2024 | |
Litlenibba (1420moh) | 27.04.2024 |
Beskrivelse klippet fra Hjørundfjord Mountain Guide. Flott tur som kan anbefales på det varmeste. Både tur og arrangement var fantastisk bra.
ÅRETS VAKRASTE EVENTYR 27 APRIL 2024
Overgangstur Fivelstad-Leira/Trandal
Hardhaus, Hjørundfjord Mountain guide og sjølvaste grillandslaget inviterer til guida sosialtur på ski til Hjørundfjorden. I tett samarbeid med Christian Gaard på Trandal.
I år prøvar me ein ny variant av årets Hardhaustur.
Bussavgong frå Aursneset kl. 0800, med påfølgjande stopp i Sykkylven og på Esso på Stranda. Me startar på Fivelstad. 322 moh. og går opp mot Blæja 1420 moh. Dette er ei etappe som går i snilt terreng men det er ei stigning på over 1000 høgdemeter så ein må vere i nokolunde fysisk form. Deretter sklir me tilbake mot Kårdalsskaret 1341 moh og tek sikte på ryggen opp mot Kardalstindane 1469 moh. For dei som ynskjer ein kortare variant kan ein køyre på ski direkte ned i Kårdalen og droppe Kårdalstindane. Ein anna variant går via det skjeldant besøkte Høghornet 1319 moh.
På ryggen opp mot Kårdalstindane tek me skia på sekken og ber dei til topps. Denne ryggen har ei stigning på omlag 150 høgdemeter. Her vil det bli trakka gode spor av guidane då denne ryggen kan opplevast som utfordrande.
Frå toppen av Kårdalstindane har me den beste utsikta over Hjørundfjorden. Ein lokal høvding sa ein gong : “Herifrå ser me pinade heilt til bya”
Skikøyringa herifrå og ned i Kårdalen er spesiell. Utsikta er fantastisk og Hjørundfjorden ligg under deg.
Me Køyrar på ski så langt det let seg gjere men siste stykket ned mot Leira må me nok bere skia. På Leira møtast me på kaia, der Ole Ringdal og kokkelandslaget serverer grillpølser. Her vil det også verte mogelegheit for å få seg noko godt å drikke.
Me vert henta med båt på Leira og køyrd til Christian Gaard der det vert servert mat og drikke i verdsklasse. Utpå kvelden blir det som vanleg høg stemning med musikk ut i dei små nattetimar før me verte køyrd med båt attende til Sykkylven.
Kommentarer