Vetanosi (14.04.2024)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Trugetur
Turlengde 4t 12min
Distanse 10,6km
Høydemeter 1130m
GPS
Bestigninger Vetanosi (1133moh) 14.04.2024 15:57

Fot og trugetur frå Fodnes. Sol og varmt opp bakkane i furuskogen i dag. Vinden som laga krusingar på fjorden, merkar ein lite til i ly av skogen. Bart til ca. 200 meter forbi skiltet som markerer til Vetanosi "rett opp". Men den ruta gikk ikkje eg i dag. Gikk stien i retning Fagersete, og litt utanfor sti der det var isete. Ikkje lenge før trugene kom på, ved ca. 750 moh. Litt laust i starten. Men frå bakken opp "uri" etter Gruvle var det godt feste. Litt sikk-sakk mellom turre lyngparti etter at det flata litt ut. Så i gang med bakken, og her var det fast og fin skare. Herifrå ganske rett mot toppen. Stort sett snøheilt og fint heilt til toppen, når eg ringa litt utanom små-toppar. Kraftig vind toppen. På med boblejakke, litt foto, og så retur. Aldeles nydeleg å gå på truge ned att denne ruta. Ein har kvitt "snøhav" framfor seg nedover, med flotte fjordarmar som kulisse. Store Haugmelen er markert topp over Lustrafjorden. Gikk lettare nedatt, men kjende det godt i låra etterkvart nedover stien i skogs-området. Fin-fin tur, og eg trur truge-traseen er rimleg god. Gå ikkje delen av ruta frå Gruvle til Vetanosi slik om sommaren. Då er det best om Fagerset, eller Vetanosi rett opp etter det skiltet.

Ca. 300 moh. og nærmar seg Olavskjelda.
Ca. 300 moh. og nærmar seg Olavskjelda.
Ca. 850 moh. og over "Uri". Lustrafjorden og Store Haugmelen.
Ca. 850 moh. og over "Uri". Lustrafjorden og Store Haugmelen.
Ut Sognefjorden.
Ut Sognefjorden.
Sognefjorden og Lustrafjorden.
Sognefjorden og Lustrafjorden.
Skareføre mot Vetanosi.
Skareføre mot Vetanosi.
Frå Vetanosi mot Vindedalen og Bleia (dekka av sky-lag).
Frå Vetanosi mot Vindedalen og Bleia (dekka av sky-lag).
Toppen er 30 meter frå denne steinen.
Toppen er 30 meter frå denne steinen.
Lustrafjorden.
Lustrafjorden.
Frå Stegen inn Lærdalsfjorden. Vi ser Erdal.
Frå Stegen inn Lærdalsfjorden. Vi ser Erdal.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.