Fin tur i sol og vind (14.04.2024)  4

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fottur
Turlengde 3t 27min
Distanse 11,0km
Høydemeter 331m
GPS
Bestigninger Tråvassåsen (240moh) 14.04.2024

Den nestsiste på Bamble 100 m pf-lista. Vi starta ved bommen over byggjefeltet på Dørdal. Gjekk så vegen til Gonge og vidare til vi var rett sør for Tråvassåsen. Busha oppover, opp og ned fleire smånutar før vi kom til den høgaste. Ikkje bolt eller markering av noko slag. Utsynet frå nokre av fortoppane var flott. Mot nordvest såg vi snøkledde Lifjell og i sør glitrande hav. Rast med ansiktet mot sol og utsyn. Valde å gå mot nord og bratt ned til demningen i Storfiskvannet. Strevde litt med å finne kryssingspunkt over vårstor elv, men det gjekk greit rett nedanfor demningen. Følgde så vegennpå austsida av Tråvann ned til Gonge igjen. Såg gråhegre.
Benjamin var med. 11 km, 331 hm, 3 t og 25 min.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.