Kalsetrennet (30.03.2024)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Turtype Langrennstur
Turlengde 3t 16min
Distanse 23,8km
Høydemeter 691m
GPS
Bestigninger Bjørnaholten (471moh) 30.03.2024
Andre besøkte PBE'er Gjøsetstølen (351moh) 30.03.2024
Indre Hjelmelandsstølen (425moh) 30.03.2024

Kalsetrennet i dag. Våkna til ein flott morgen med betre vær enn det som var meldt. Dette kunne bli ein fin dag for Kalsetrennet. Gjorde meg klar til å komme meg ut døra, men i det eg går ut regna det. Då var det innatt for å få på seg kle som er berekna på regn.
så bar det av gårde opp til Langeland med tru på at det kanskje... kunne lette litt før eg skulle starte. Men den gang ei, så då var det berre å komme seg av gårde på skituren. Før krysset mot Fauskestølen stoppa regnet og jammen kom det litt solgløtt innimellom, så då var det berre å ta fatt på Fauskeløypa. Flott å gå, sjølv om det var noko blautt i sporet og skiskoa ikkje akkurat er siste skrik. Hadde ein avstikkar heilt opp til Fauskestølen, ettersom eg aldri har vore heilt oppe der. Då eg kom til Gjøsetstølen kom jammen santen regnet att, men berre nokre dropar. Fortsette vidare og tok ein avstikkar opp mot Bjørnaholten før eg kom tilbake til stadion. Noko blaut på beina og godt fornøgd fordi det faktisk blei betre vær enn frykta og ikkje alt for mange folk i løypene.

Grå start på Kalsetrennet 2024
Grå start på Kalsetrennet 2024
Utsikt mot hestane frå Fauskeløypa
Utsikt mot hestane frå Fauskeløypa
Gjøsetstølen
Gjøsetstølen
Bjørnaholten
Bjørnaholten

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.