Norddal: Grønnvasshøi og Nibba (29.03.2013)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Hamseviki (900moh)
Sluttsted Hamseviki (900moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 8t 30min
Distanse 27,0km
Høydemeter 1385m
Kart
Bestigninger Grønnvasshøi (1856moh) 29.03.2013
Nibba (1818moh) 29.03.2013
Nibba N1 (1782moh) 29.03.2013
Nibba N2 (1799moh) 29.03.2013
Nibba SØ (1790moh) 29.03.2013

Plukka opp Kroksleiven på Statoil Nordfjordeid 0830. Møtte Hege kl 1000 i Hamseviki. -17 i det vi starta men sola varma voldsomt og etter kvart vart det rett så triveleg. Lange dryge parti oppover mot Fremste Vikvatnet. Mellom dette og Skrådalsvatnet startar ein rygg som vi gjekk til Grønnvasshøi 1840. Stille og fint på toppen. Torleiv feira sin Sunnmørstopp nr 100.


Lett vidare til Nibba SØ 1790 og Nibba 1818. Frå Nibba var vi spent på terreng vidare. Hadde med stegjern og isøks som vart brukt ned eit lite parti her. Ikkje spesielt bratt men snøen var knallhard med eit lite lag nysnø på. Ikkje stas å gli avgarde her. Damene tok pause medan Krokleiven og Boven gjekk til Nibba N1 og N2. Siste er topp i Norddal 50m-lista. På vei ned frå siste topp rauk enno ein Voile Switchbackbinding! Tverrstaget over tåa ryke på eine sida. Det går å renne med med tåler ikkje all verden. Iflg importør er dette noko som skjer med dei såkalla "førstegenerasjonsbindingane", og vi skal få nye som er forbedra. Frå skaret ca 1700 holdt vi høgda eit stykke og runda Nibba på vestsida. Kjøyrde så ned ryggen rett sørover mot Fremste Vikvatnet. Laaaaaang labbetur på ca 3,5 km over vatnet. Etter vatnet var det berre om å gjere å gli ned til Hamseviki igjen. Kom til bilane kl 1900 etter ca 8,5 timars tur.

Lise og Hege på Grønnvasshøi 1840
Lise og Hege på Grønnvasshøi 1840

Kommentarer

  • -
    avatar

    Randonnee

    Skrevet av otto 16.03.2016 23:42

    "Kutt ut tungt utstyr så får dere opp farta"

    • -
      avatar

      Telemark

      Skrevet av boven 17.03.2016 19:28

      No har eg iallefall gode fjellski med kortfeller, men nedover er det oftast eit helsike. Likar telemarkustyret og i mange tilfeller er det heilt glimrande. Denne turen og andre "flate" prosjekt tar eg nok fjellskia no ja.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.