Raudalsegga og Krabbestigheia (26.03.2024)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 1t 53min
Distanse 4,4km
Høydemeter 515m
GPS
Bestigninger Krabbestigheida (330moh) 26.03.2024
Rauddalsegga (318moh) 26.03.2024

Vi starta tidleg om morgonen for å rekke ferga frå Oldeide kl 09:10 og på den måten få mest mogleg ut av dagen. Vi køyrte Krabbestigvegen fram til ei grind og gjennom grinda for så å parkere rett ved der vi skulle starte. Ei av dei som har hytte på den sida fortalt kor vi skulle starte og at det ikkje var noko problem å stå der vi stod. Ho forklarte også at det var merka heilt opp til Rauddalsegga og til Krebbestigheida. Vi fulgte merka rute opp skaret og tok til venstre der vi såg det naturleg. Vi oppdaga at stien gjekk litt annleis enn det vi gjekk frå skaret og opp, men det var heilt greitt å gå der.

Utsikt mot Krabbestigheida
Utsikt mot Krabbestigheida
Utsikt mot Rønelden
Utsikt mot Rønelden
Måløy bak skiltet
Måløy bak skiltet
Utsikt mot Hornelen
Utsikt mot Hornelen

Frå Rauddalsegga gjekk vi ned mot skaret samme ruta som vi gjekk opp og fulgte merking vidare til Krabbestigsheida. Bratt opp, men heilt greitt å gå. Fin start på dagens toppturjakt på Husevågøy.

Måløy sett frå Krabbestigheida
Måløy sett frå Krabbestigheida
Vågsøy sett frå Krabbestigheida
Vågsøy sett frå Krabbestigheida
Stien på veg ned frå skaret mellom Krabbestigheida og Rauddalsegga
Stien på veg ned frå skaret mellom Krabbestigheida og Rauddalsegga

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.