Høgeheia (05.11.2023)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 1t 58min
Distanse 4,6km
Høydemeter 450m
GPS
Bestigninger Høgeheia (450moh) 05.11.2023 15:06

Siste tur, nr. 6 i talet, og 9. raude topp på to dagar i Sunnfjord. I dag ville Marita også vere med på tur. Kjekt. Køyrde heilt til vegs ende ved Holevika. Her var snuplass, men ingen stad å setje bilen. Langt mindre ein bubil. Etter litt fundering, fann vi ein grasbakke 50 meter frå snuplassen, der vi greidde å lirke bilen nett utanom asfaltkanten på den smale vegen. Hytte-eigaren hadde nok vorte småsur, om han kom på besøk til hytta si. Men merka rute var det, med skilt ved start og pinnar med raudfarge undervegs. Godt opparbeida og fin sti heile vegen. Fyrst på grusveg til sti-start, så bratt opp heilt inntil den loddrette fjellveggen. Etter skaret i gjennom tett skog, og så snodde stien seg opp på fjellryggen. Stigning til vel 300 høgdemeter, så småkuppert mot den store varden og ein par kneikar til sist. Utsikta frå Høgeheia er verkeleg mektig og stor. Sikkert flott ved solnedgang. Vi naut utikta frå toppen, fotograferte litt, og returnerte til bilen. Så var det berre køyringa heimatt, som tok 3 timar og 10 min.

Topp-platået med varden til venstre
Topp-platået med varden til venstre
Spøkelsekladden fekk vere med denne gongen (den svarte)
Spøkelsekladden fekk vere med denne gongen (den svarte)
Øyane utanfor Florø. Askrova nærast.
Øyane utanfor Florø. Askrova nærast.
Mot toppane i Bremanger.
Mot toppane i Bremanger.
Mot Stongfjorden og Blæggja
Mot Stongfjorden og Blæggja
Askvoll og Atløyna
Askvoll og Atløyna

Samsung 22+ slit med flystriper.
https://flow.polar.com/training/analysis/7759566921

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.