Horgi (26.09.2023)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 10min
Distanse 9,3km
Høydemeter 520m
GPS
Bestigninger Horgi (1120moh) 26.09.2023 17:53
Andre besøkte PBE'er Bøttejuv parkeringslomme (600moh) 26.09.2023 16:40
Strupane stistart (600moh) 26.09.2023 16:40

Tur etter jobb. Dagane blir kortare, og no er det lys til ca. 19:30. Lommelykta er no med i sekken, i fall noko ekstra skulle skje. Men eg har om lag kontroll på tidsbruken, når eg er på tur. Horgi har stått på lista i mange år. Men den lista er lang, eller dei raude nålene er mange. Må prøve å fylle litt på Årdals-lista, sidan listene mine med Hemsedal og Vang har passert 50 %. Fint turvær i dag. Mildt og halvskya. Haustfargane er i emning, og det er fint i fjellet no. Nådde att to jægrar like før Sjursete. Dei skulle jakte hjort i Nundalen. Fjellet er til for ulike interesser. Godt for kropp og sjel for alle som ser nytten. I dag la eg filter på bilda, slik at dei blir litt mørkare, meir kontrast og fargar. Det blir kanskje berre denne gongen. Fekk lyst å markere vakre hausten litt ekstra. Siste bildet er orginalt, og alt er teke med mobil-telefonen.

Mot Nundalen
Mot Nundalen
Austabottindane over Nundalen
Austabottindane over Nundalen

Djevelens symbol danna av Stølsnostind og Falketind. Hjelledalstind midt i bilete.
Djevelens symbol danna av Stølsnostind og Falketind. Hjelledalstind midt i bilete.

Skorsfjellet.
Skorsfjellet.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.