Siggjo (23.07.2023)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 07min
Distanse 4,4km
Høydemeter 389m
GPS
Bestigninger Siggjo (473moh) 23.07.2023 14:38
Andre besøkte PBE'er Siggjo p-plass (85moh) 23.07.2023 13:35

Fin tur i flotte trapper til utsiktstopp på Bømlo. Fleire skilta parkeringsplassar tilknytt turmålet. Fyrst på sti og grusveg eit stykke. Så byrja sherpa-trappene. Dei var breide, og svært vakkert lagt i terrenget. Haldinga mi til slike inngrep er to-delt. Eg er mest motstandar. Samtidig tykkjer eg at slikt kan nyttast noko, men strengt regulert. T.d. ved svært populære turmål. Estetikken i dette anlegget var flott, og trappene er ikkje synlig på avstand. Ligg fint i terrenget. Utsikta frå toppen var nydeleg. Med eit unntak. Vindparken på Fitjar. Etter tur på Austevoll, Bømlo og Stord, ser vi turbinene frå svært mange stader, både frå fjell, og frå bilveg. Dette er å ødelegge naturen. Og for sal av kraft til andre nasjonar, som ikkje tek eige ansvar. Norge som råvare-produsent er nok kulturelt, men framleis kort-tenkt utvikling. Men elles var det ein fin tur opp og ned frå fjellet. Kjekt at Marita utfordra sitt dårlige kne, og vart med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.