Parkerte på skilta turparkering på nordsida av brua over innløpselva i austenden av Orrestadvatnet. Hadde med sykkel uten batteri og måtte leie den i motbakkene opp til et stykke forbi Håland. Gjekk så på gjengrodd sti gjennom skogen og stedvis dyretråkk opp til Myssaheia.
Vidare til Glerhaugen og ned til Trollkyrkja. Så bratt ned på hjortesti gjennom skogen til Kolestrand og på god grusveg nordover. Oppe på bakketoppen er det skilta tursti til Sellfjellet så eg fulgte noenlunde, men stien er stedvis utydelig.
Neste topp blei Stokkafjellet opp vestfra, og så bratt ned sørsida til vestenden av Stokkavatnet. Siste topp blei Vallbakken på dyresti opp fra Hålandsvegen. Frå utløpet av Ljosvatnet fulgte eg Hålandsvegen som er en rødmerka sti. Stedvis slitt maling og stien er delvis skjult av høgt gras, men ikkje verre enn at eg greit kunne følge den uten å gå feil. Dei siste 4 km sykla eg på grusveg ned tilbake til utgangspunktet.
Anbefaler ikkje dette utgangspuntet hvis man bare skal til Glerhaugen eller Sellfjellet, men en grei turvariant for å ta med dei andre toppane i området. Tungt og krevande å gå der det ikkje er veg eller sti. Fleire rette streker på GPS-sporet tyder på dårlig dekning der det er høgvokst skog. Også merkelig sjanglete spor langs grusvegen som om eg skulle ha sykla i fydlå. Tur med same utgangspunkt til Grønhaug og nabotopper dagen etter.
Kommentarer