Frå Longavatnet til Dalavegen om Øyavatnet og Revafjellet (29.05.2023)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Kollåsen (653moh) 29.05.2023
Revafjellet (728moh) 29.05.2023
Nord for Øyevatnet (559moh) 29.05.2023

Morgonen ved stemmen i Longavatnet/Vardhustjødnane vakna eg til retteleg finver, men i skuggen av høgreiste Vardhusheia let sola venta litt på seg. Eg hadde med vilje vore oppom stortoppen kvelden før, i tilfelle det tetta seg til med skodde gjennom natta, men det viste seg å vera unødvendig. Uansett ville beina få kjørt seg denne dagen, for planen var å tråkla seg heilt heim til Førland, ein tur på snaue 2 mil, så det var godt kva som var gjort.

Planen var å gå om Ospeskardet, Øyavatnet, så kanskje over Revafjellet og i alle fall til stemmen i Svortingsvatnet. Vidare ville eg unngå Dalavegen og tenkte å gå heim om Tinturvatnet og Selemork. Som tenkt, så gjort!

Heilt her inne var det som venta folketomt, og eg hadde bare sett folk i to av hyttene kvelden før. Første etappen langs Longavatnet skein sola, og det var reint herleg å vera på tur i vårskogen. Ved den sørlege kanalen mellom sjølve Longavatnet og søre Vardhustjødna var eg nede og studerte kanalen for første gang. Han var klart breiare enn eg hadde trudd, og heilt uråd å kryssa dersom det ikke hadde vore tilrettelagt ei halvvegs steinbru over ¾ av breidda. Slik vannstanden var denne dagen, hadde det vore ein smal sak å kryssa han og dermed ha kort veg opp Skitli til Krøys.

Nedanfor hytta ved søre Vardhustjødna med utsikt sørover Longavatnet
Nedanfor hytta ved søre Vardhustjødna med utsikt sørover Longavatnet
Den sørlege kanalen sett nordover. Vardhusheia ruvar som alltid
Den sørlege kanalen sett nordover. Vardhusheia ruvar som alltid

Vidare til topps i Ospeskardet mista eg den stadvis utydelege stien ei stund og havna til endes der båtane ligg ved Longavatnet. Men ved å konferera med kartet gjekk eg eit stykke tilbake og fann stien greit att. Som kartet viser, gjer han ein god sving heilt opp i det nordre skardet der ein kan gå ned til Forenesvatnet. Men eg skulle vidare opp i det sørlege skardet, og det gjekk på akkurat 1 time frå teltplassen, då som nevnt med eit par små omvegar. Vidare ned til Holmavatnet og til Øyavatnet følgte eg same oppskrifta som då eg gjekk gjennom flotte Kvelven i fjor og mista den utydelege stien aust for Holmavatnet bare ein gang. Etappen frå Ospeskardet til Øyavatnet gjekk dermed radig unna på 35 min.

På veg mot Ospeskardet med utsikt sørover Longavatnet
På veg mot Ospeskardet med utsikt sørover Longavatnet
Vardhusheia og Longavatnet sett frå Ospeskardet. Dette er Jørpelandsheia på sitt finaste!
Vardhusheia og Longavatnet sett frå Ospeskardet. Dette er Jørpelandsheia på sitt finaste!
Frå same staden mot Holmavatnet. Heiahodnet og Krossfjellet stikk seg fram
Frå same staden mot Holmavatnet. Heiahodnet og Krossfjellet stikk seg fram
Lengst aust ved Holmavatnet med utsikt vestover. Profilen av Reinaknuten er kjennesleg bakerst
Lengst aust ved Holmavatnet med utsikt vestover. Profilen av Reinaknuten er kjennesleg bakerst
Ved utløpet av Øyavatnet med Svartavassknuten sentralt
Ved utløpet av Øyavatnet med Svartavassknuten sentralt

Her ved Øyavatnet hadde eg ein plan om å få med meg sekundærtoppen på 559moh nord for vatnet, der eg venta å få flott utsikt over dette spennande området. Utanom den eine hytta i vesthellinga, er nemleg Øyavatnet eit av dei meir uberørte i Jørpelandsheia. Etter å ha lagt att telt og sovepose tok eg med meg sekken til topps og fekk ein lang og god første lunsjpause med lapskaus på stormkjøkkenet. Og utsikten var som venta framifrå fin, særleg over Øyavatnet og Kvelven. Og kven andre enn smålomparet frå kvelden før – eller kanskje det var eit anna par – underholdt med skrik og kakling her óg?

Lita tjødn under Krossfjellet
Lita tjødn under Krossfjellet
Flott utsikt over Øyavatnet og Kvelven frå oppunder sekundærtoppen i nord
Flott utsikt over Øyavatnet og Kvelven frå oppunder sekundærtoppen i nord
Frå same staden mot austenden av Holmavatnet
Frå same staden mot austenden av Holmavatnet
Frå sjølve toppen er utsikten nordover mot Holmavatnet litt begrensa. Krunefjell og Reinaknuten er kjenneslege bakerst
Frå sjølve toppen er utsikten nordover mot Holmavatnet litt begrensa. Krunefjell og Reinaknuten er kjenneslege bakerst
Varm lunsj med utsikt!
Varm lunsj med utsikt!

Med denne toppen i boks var den mest spennande delen av turen gjort, og det var bare å finna att telt og sovepose og tråkla seg vidare heimover. Returen gjekk på grei sti via Nagatjødnane før eg som venta høyrde dei første stemmene av folk på tur over Nagaheia. Løypa til 7-fjellsturen til Strand og Forsand turlag er blitt svært populær – spektakulær som ho er – så vil ein gå i fred her ein slik fridag, må ein heller søka seg ned til Nagastølen og gå langs Svortingsvatnet.

Ved store Nagatjødna med utsikt vestover mot Nagaheia
Ved store Nagatjødna med utsikt vestover mot Nagaheia
Mot litle Nagatjødna og Nibba
Mot litle Nagatjødna og Nibba

Men eg tenkte meg over Revafjellet sidan det er ein meir interessant tur, og eg traff heller ikkje folk her, truleg fordi eg var tidleg i løypa. Etter ein sving oppom vesle Kollåsen som var nytt bekjentskap for meg, toppa eg ut på hovudtoppen på Revafjellet 4 ¼ timar etter turstart. Her nådde faktumet meg at det hadde skya heilt over og endåtil begynt å yra så smått. Dette var akkurat som meldt, og heilt greit for meg som uansett var på heimtur og på kjende stiar.

Frå oppunder Kollåsen mot Nibba og eidet mellom Hengjanevatnet og Svortingsvatnet
Frå oppunder Kollåsen mot Nibba og eidet mellom Hengjanevatnet og Svortingsvatnet
Frå same staden med tilbakeblikk mot Nagaheia og store Nagatjødna med Krossfjellet sentralt
Frå same staden med tilbakeblikk mot Nagaheia og store Nagatjødna med Krossfjellet sentralt
Frå toppen av Kollåsen mot Svortingsvatnet med Rovaneset
Frå toppen av Kollåsen mot Svortingsvatnet med Rovaneset
På toppen av Revafjellet med utsikt utover fjellryggen
På toppen av Revafjellet med utsikt utover fjellryggen

Stien utover Revafjellet bar preg av mykje slitasje, ikkje minst ned dei bratte partia mot stemmen i Svortingsvatnet. Ein uvanleg songglad ringtrost underholdt her, og eg fekk koma såpass nær at eg såg den lyse halsringen tydeleg. Skodda hadde etter kvart trekt seg dugeleg ned og dekka nå alle dei høgaste toppane, så eg hadde hatt skikkeleg flaks med finveret i høgda. Skaljakka hadde alt vore på ei stund, for det var ekte vått skoddeyr som kom ned.

Tilbakeblikk ved tjødna på Revafjellet der veret tettar seg til
Tilbakeblikk ved tjødna på Revafjellet der veret tettar seg til
Ved den rehabiliterte stemmen i Svortingsvatnet
Ved den rehabiliterte stemmen i Svortingsvatnet
Frå same staden med tilbakeblikk austover Svortingsvatnet. Revafjellet og Nibba er heilt borte i skodda
Frå same staden med tilbakeblikk austover Svortingsvatnet. Revafjellet og Nibba er heilt borte i skodda

1 ½ time etter hovudtoppen på Revafjellet var eg framme ved fiskarhytta i vestenden av Tinturvatnet. Her kom det sanneleg óg ein lom fykande; dette var fjerde observasjonen på to dagar. Nå kunne eg bare ha skunda meg vidare heimover, men kom på at det kunne passa med ein andre lunsjpause med litt varmande drikke under den gode hidleren her. Farfar fortalde at han og naboen Peder skal ha fått tyske fly frå Sola på vingene under krigen, fordi dei var uforsiktige med eit bål ein gang dei var her oppe og fiska.

Ved Tinturvatnet under Kjeatofjellet
Ved Tinturvatnet under Kjeatofjellet
Andre lunsj for dagen i ly under hidleren ved Tinturvatnet
Andre lunsj for dagen i ly under hidleren ved Tinturvatnet
Hidleren under den store steinen med fiskarhytta i bakgrunnen
Hidleren under den store steinen med fiskarhytta i bakgrunnen

Etter pausen gjekk det radig på ¾ time ned Kjellbrekk til Storåfoss, for eg hadde fått ei melding om familieselskap som var langt kjekkare enn å gå heilt heim. Enden på turen vart då Dalavegen eit stykke nedanfor Storåfoss, og det var trøytte bein glade for. Fasit for dagen vart 7 fine timar på tur med to gode pausar, snaut 16 km og 5-600 hm stigning.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.