Blåfjellet (16.04.2023)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turlengde 1t 46min
Distanse 6,8km
Høydemeter 529m
GPS
Bestigninger Blåfjellet i Askvoll (533moh) 16.04.2023 10:53
Andre besøkte PBE'er Øvre Askvoll parkering (29moh) 16.04.2023 09:57
Gangbrua over Prestelva (34moh) 16.04.2023 10:05

Rask formiddagstur i finveret i Askvoll. Bygda har mange turmål som er godt tilrettelagt med skilting og merking. Det er opparbeida ein fin bubilcamp ved småbåthamna. Askvoll er ei fin bygd, som har dei fleste fasilitetar. Turvalet fall på Blåfjellet, sidan det var den høgaste toppen i bygda. Toppen er over 500 i pmf. noko som gjer den litt ekslusiv for nerdete topp-samlarar. Sykla opp til parkeringa, 800 meter frå hamna. Ned ein liten bakke, og så nokre hundre meter langs elva på breid sti. Så gikk stien rask opp i terrengt, vekslande mellom stein og sti. Lenger opp var det nokre myrparti innimellom. Fint å gå, med nokre brattare opptak innimellom. Formidabel utsikt frå toppen. Mellom anna nordvestover mot øyane utanfor Florø, og nordaustover mot mektige Bremanger-fjell. Frå parkeringa 57 min opp og 35 nedatt med litt tung kropp i dag. Var ikkje geara på å gå fleire toppar bortetter i dag. Godt å sola seg i hamna ei stund, før vi vende nasen heimover ca. kl. 15.

Ser nedatt mot Askvoll.
Ser nedatt mot Askvoll.
Fjellkjeda reknar eg med er Bremanger sine høgfjell mot Ålfotbren.
Fjellkjeda reknar eg med er Bremanger sine høgfjell mot Ålfotbren.
Mot øyane utanfor Florø.
Mot øyane utanfor Florø.
Mot Alden.
Mot Alden.
Mot Atløyna.
Mot Atløyna.
Utsikt frå Varden.
Utsikt frå Varden.
Blåfjell sett frå marinaen i Askvoll. Lett zooma.
Blåfjell sett frå marinaen i Askvoll. Lett zooma.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.