Hambornuten frå Tysingvatnet (18.02.2023)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Hamborgnuten (461moh) 18.02.2023

Etter føremiddagstur til Junkervarden/Tveitaråheia vart det god tid til ein ettermiddagstur til Hambornuten. Greit med merka sti opp bratta i sørvest. Såg fleire havørner i luftig svev, og endåtil eit fullvakse og kaklande par i kurtise rett over toppen mens me hadde matpause eit stykke nedanfor. Skremde óg opp eit par orrhøner og fekk sjå ein liten flokk korsnebbar på nært hald.

Flott utsikt over ytre del av Sandsfjorden med brua frå 2015. I bakgrunnen dominerer Grytenuten
Flott utsikt over ytre del av Sandsfjorden med brua frå 2015. I bakgrunnen dominerer Grytenuten
På fortoppen til Hambornuten med utsikt mot bl.a. Bandåsen på Ombo og Gunlanuten. Sentralt sjåast Herenibba med Bergsnuten framfor
På fortoppen til Hambornuten med utsikt mot bl.a. Bandåsen på Ombo og Gunlanuten. Sentralt sjåast Herenibba med Bergsnuten framfor
Mot hovudtoppen litt lenger nord. Me ser bl.a. Sand til venstre og Moltenuten like over hovudtoppen
Mot hovudtoppen litt lenger nord. Me ser bl.a. Sand til venstre og Moltenuten like over hovudtoppen
Fornøgd på hovudtoppen!
Fornøgd på hovudtoppen!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.