Hestebottfjellet og Nosi (12.11.2022)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 04min
Distanse 9,0km
Høydemeter 405m
GPS
Bestigninger Hestebottfjellet (1406moh) 12.11.2022 12:25
Nosi (1271moh) 12.11.2022 12:58
Andre besøkte PBE'er Flævassdammen N p-plass (1115moh) 12.11.2022 13:15

Det var meldt halvskya fint ver i aust. Mildværet som har vore, har smelta snøen heilt opp mot 1500 moh. Då vart det råd med enno ein fjelltur, til fots i Hemsedal. Hadde nok førebudd meg på at neste tur vart på ski. Men det for komme seinare. Litt etter at eg byrja å gå, såg eg at det var mogeleg å køyre bil over til andre sida av vatnet. Hadde spart vel 20 min., hadde eg køyrt over. No er da turgåinga ein del av konseptet her :) Fint å gå til dette fjellet. Litt blaut innimellom, etter regn denne veka. Flott utsikt mot det oppdemma vatnet Flævatn. Fint mot Storebottskarvet, og Reineskarvet. Desse to hadde framleis godt med snø på seg. På returen gikk eg oppom Nosi, ein liten haug med grøn nål. Svært flott demning, som såg relativt ny-rehabilitert ut.

Hestebottfjellet nærmar seg.
Hestebottfjellet nærmar seg.
Mot Flævatn og Reineskarvet.
Mot Flævatn og Reineskarvet.
Storebottskarvet teke frå toppen.
Storebottskarvet teke frå toppen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.