Seksortklumpen via vindparken (09.08.2022)  4

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 40min
Distanse 15,5km
Høydemeter 457m
GPS
Bestigninger Seksortklumpen (492moh) 09.08.2022

Etter regn om natta og løfte om meir regn utover dagen bestemte Anne og eg oss for å gå tørrskodd gjennom vindparken i staden for å gå kortare i terrenget. Vi hadde bestemt oss for å haike innover om vi fekk sjansen, og det fekk vi! Straks etter bommen kom ein kar som skulle opp til Sørvisbygget, og han let oss sitje på pickup-planet! Der sparte vi inn 2 km, mange høgdemeter og minst ein halvtime! Turen inn til toppen gjekk greitt i grått opphaldsvær. Vi rasta på toppen og så starta småregnet på vegen tilbake. Stort å møte tre reinsdyr ganske raskt etter å ha begynt på heimvegen. Det passa fint i dette kontroversielle kraftlandskapet, der høgsterett no har slått fast at anlegget bryt med samerettane. Alltid stort å møte reinsdyr, og desse fekk vi tatt ein god titt på. Den lange nedturen frå sørvisbygget gjorde vi ganske raskt unna, for vi småløp i regnet nedover. 3 t og 41 minutt, 15,5 km frå der vi slapp av jeepen, 457 hm. Anne var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.