Strengen (08.01.2022)

Skrevet av simenee (Simen Einmo Engdal)

Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 1t 58min
Distanse 8,0km
Høydemeter 755m
GPS
Bestigninger Strengen (890moh) 08.01.2022
Det var varsla at den andre helga i det nye året skulle bli av det bedre slaget, og når spådommane viste seg å slå til var det ikkje anna å gjere enn og kome seg ut og få benytta seg. Strengen fungerer utmerka til å nyte finveret, spesielt no i januar medan dagane framleis ikkje er så lange. Nydelig ver og mykje folk å finne oppover frå Vang. God temperatur, og som alltid litt vind oppe ved masta på Strengen. Nedover valgte vi å gå litt austover over toppen, og ned det som etter kvart har vårte ei populær nedkøyring frå Strengen. Ein del spor her allerede da vi ikkje var så tidleg ute, men framleis urørt snø å finne - alldeles perfekt, lett puddersnø og sette svingar i. Ned att til bilen saman med ei synkande vintersol, og nydeleg januarlys. Med på turen var Eystein Meese.
Korte dagar, men vakkert lys når det først er framme, i januar.
Korte dagar, men vakkert lys når det først er framme, i januar.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.