Kollingan og nabotopper (15.10.2021)
Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem)
Bestigninger | Grasnuten (793moh) | 15.10.2021 |
---|---|---|
Hornlinuten (826moh) | 15.10.2021 | |
Kollingan Nord (894moh) | 15.10.2021 | |
Kollingan (909moh) | 15.10.2021 | |
Skurven (805moh) | 15.10.2021 | |
Venelifjellet (900moh) | 15.10.2021 | |
Vrålslinuten (813moh) | 15.10.2021 | |
Andre besøkte PBE'er | Venelibu (804moh) | 15.10.2021 |
Fra Rv 41 er det skilta til Venelifjell. Dette er bomveg med 70 kr som betales kontant eller vipps. Vegen går opp til Bendiksmyr som er utgangspunkt for fleire turløyper i området. Eg gjekk via Venelibu opp til Venelifjellet og ned søraustryggen til Tjørnstøyl.
Så vidt eg veit er det ingen merka sti vidare til Kollingan så eg gjekk vidare i skogsterrenget opp til den toppen. Ned nordvestryggen og frå nordenden av tjørna var det bratt skogsveg nedover. Så oppom Grasnuten og eit stykke vestover gjennom skogen før eg fulgte ryggen nordover via Vrålslinuten.
Kom inn på grusveg i austenden av Hornlivatnet, og tok av på ein bratt skogsveg på sørsida av Hornlinuten. Denne vegen slutter på ca 700 moh, og så ein svak sti vidare opp til toppen. Gjekk ned nordvestryggen, og etter bare ca 50 hm ned kom eg inn på skogsveg så eg fulgte bratt ned til Hornlivatnet.
Så på god grusveg rundt austenden av Hornlivatnet og vidare vestover. I eit hogsfelt tok eg av på ein skogsveg oppover mot Skurven. Svært bratt fjellside på nordsida av Skurven, men fant ei renne/ kløft der eg klarte å klatre meg opp på eit vis. Kom til topps i skumringa og brukte lykt på siste del av turen ned sørsida gjennom skogen og kom etter kvart inn på ein skogsveg så eg fulgte ned til Bendiksmyr.
Kommentarer