Undeknuten (25.04.2021)

Skrevet av Augustusogmegpaatur

Startsted Tengesdalsvatnet (200moh)
Sluttsted Tengesdalsvatnet (200moh)
Turtype Fjelltur
Distanse 7,7km
Høydemeter 204m
Kart
Bestigninger Undeknuten (440moh) 25.04.2021

Den merka undturen frå Tengesdalsvatnet til Undeknuten er ein flott tur som eg verkeleg anbefaler! Du må krysse vegen frå vatnet, går over ein gjerdeklyvar og gå på grusvegen eit godt stykke oppover i lia før du tar ut i terrenget til venstre. Opp til sjølve Undeknuten er det nokså bratt, men det er ikkje langt, så det går heilt fint. Og vel oppe overraska i alle fall utsikta meg: Her ser du innover mot Lysefjorden så vel som over til Husafjellet og Dyrafjellet, og på motsett side mot Bynuten. Verkeleg flott!
Du må gå same veg ned igjen, med vel nede frå det bratte, kan du følge rundturen til venstre slik at du slepp å gå grusvegen ned att. I staden går du i nydeleg kulturlandskap på behageleg underlag. Nyt turen!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.