Dronningstien (02.08.2021)

Skrevet av Augustusogmegpaatur

Startsted Kinsarvik/Røte (300moh)
Sluttsted Lofthus (50moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 6t 00min
Distanse 14,0km
Kart
Andre besøkte PBE'er Nosi (905moh) 02.08.2021
Duk (1105moh) 02.08.2021

I lang tid hadde me planlagt vestlandsferien, og med tanke på kva del av landet dette er snakk om, kunne veret ha vore så mangt fyrste veka i august. Men var så heldige som me kunne vore: strålande sol frå skyfri himmel alle dagane!
No skal det seiast at då me køyrde langs Sørfjorden på veg til Kinsarvik, såg me låge skyer og noko som kunne minne om skodde som låg over toppane. Det uroa oss litt, og då me parkerte bilen på Røte og traska oppover grusvegen letta det ikkje akkurat. Skyene og skodda låg framleis og lurte då me gjekk over i terrenget, men i det stien svinga utover mot fjorden igjen, klarna det og me fekk strålande sol resten av turen. Og for ein tur Dronningstien er! Panoramautsikt langs Sørfjorden heile vegen. Fantastisk flott terreng å bevege seg i - det er berre å nyte! Me hadde høyrt at nedfarten med Munketrappene og den lange og bratte grusvegen ned til Lofthus kunne dere ein "killer", men det var ikkje så ille!
Eg går gjerne her igjen! Men kanskje eg då heller vil snu ved varden på Duk og gå tilbake til Kinsarvik slik at me får nyte utsikta begge vegar, og slik at me slepp å ha to bilar (ein i Kinsarvik og ein på Lofthus) eller ta buss tilbake!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.