Holtaheia i Strand

Skrevet av Augustusogmegpaatur

Startsted Holtaheia
Sluttsted Holtaheia
Turtype Fottur
Kart
Bestigninger Krofjellet (411moh) ukjent
Moldhesten (522moh) ukjent
Ormakam (556moh) ukjent
Andre besøkte PBE'er Holtaheia-ulykken (530moh) ukjent
Topphøna (477moh) ukjent

Holtaheia i Strand er eit lite eldorado av toppar. Parkeringsplassen - som i seg sjølv tilbyr ei flott utsikt - er utgangspunkt for ei rekke turar i herleg, lettgått terreng. Held du til venstre for parkeringa, i retning Årdalsfjorden, går du lett til toppar som Krofjellet, Ormakammen og Moldhesten, som alle er gode utsiktspunkt. Går du på høgresida i retning Bjørheimsvatnet kan du bl.a. ta den drøye 5 km lange rundturen via minnesmerket etter flyulukka i 1961 der over 30 skulegutar omkom. Vidare på rundturen kjem du til Topphøna som ligg på den stupbratte kanten ned mot Bjørheimsvatnet. Her frå ser du ned mot Tau og utover mot Stavanger - ei verkeleg flott utsikt!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.