Eikefjellet -"go to-fjellet mitt"
Skrevet av Augustusogmegpaatur
| Startsted | Skartveit |
|---|---|
| Sluttsted | Skartveit |
| Turtype | Fottur |
| Turlengde | 1t 30min |
| Distanse | 4,0km |
| Høydemeter | 214m |
| Kart |
|
| Bestigninger | Eikefjellet (213moh) | ukjent |
|---|
Eikefjellet på den vesle øya Halsnøy i Ryfylket er "go to-fjellet" mitt når eg er på hytta. Toppen ligg ikkje høgare enn 214 moh, men utsikta derfrå er likevel upåklageleg: du ser langt både utover og innover i Ryfylke!
Den beste staden å starte turen frå er kaien på Skartveit (ikkje ferjekaien vest på øya, men den gamle rutebåt-kaien ved butikken som vender mot Randøy). Derfrå er det merka rundtur gjennom byggefeltet, ein tur på drøye 4 km.
Mykje av turen går over og forbi saue-beite, men òg gjennom bregne-kratt og tett lauvskog. Etter kvart som du stig i terrenget vert utsikta openberra, og det er berre å nyte!
Kart over turstiene på Halsnøy Den eg har beskrive her, er den kortaste løypa som startar i Skartveitvågen, og som går over i blå merking.


Kommentarer