Eggenipa (21.08.2021)
Skrevet av aarvag (Steinar Aarvåg)
Bestigninger | Eggjenibba (1338moh) | 21.08.2021 |
---|
Etter tips frå kjentfolk vart dagens utfartsmål Byrkjelo og Eggenipa/Eggjenibba. Med litt research viste det seg at dette er ein tur som lokalbefolkninga (i alle fall nokre av dei) forsøker å promotere som ein attraksjon som kan nevnast i same åndedrag som Romsdalseggen og Besseggen. Med eiga nettside der ein finn god info om turen var planlegginga dermed enkel. For dei ivrigaste er det dessutan muleg å kjøpe termos, lue og t-skjorte med eigen logo på heimesida. Vii hadde dessverre allereie pakka sekken, så vi stilte utan Eggenipa-uniform på veg til topps...
Bomvegen opp til parkeringa bar preg av å vere oppussa og dimensjonert i henhold til plana om at Eggenipa skal bli ein turistmagnet. Utrusta med bobil og ein førar som er meir glad i spenning på fjellet enn på smale grusvegar, så vart bilen likevel ståande i låglandet.
Vi følgde stien frå den første av dei to parkeringane - godt merka og på god sti. Etterkvart gjekk denne stien saman med stien som kom brattare opp frå den innerste parkeringa. Deretter lett og artig kliving til topps i inspirerande terreng og omgivelsar.

Ein lang pause ved varden i godveret før vi fortsette sørover langs ryggen, framleis geleida av god raudmerking. Deretter ein fin etappe ned i dalen og fram att til bilen, heile vegen på god sti og i flott terreng.
Det er altså ikkje utan grunn at lokale krefter vil fremme denne rundturen - rett og slett ein skikkeleg fin variant til ein markant topp i Byrkjelo. Det einaste som manglar er vel ein øl frå eit lokalt mikrobryggjeri med det klingande namnet "Egen IPA"?
Kommentarer