Ørsta: Slogen (26.07.2021)
Skrevet av Freeflex (Ragnar Liaskar)
Bestigninger | Slogen (1564moh) | 26.07.2021 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Slogen - p-plass (50moh) | 26.07.2021 |
Slogen midt i fellesferien med 26 grader meldt i skyggen og 18-19 på toppen er egentlig ikkje eit prosjekt for meg, men ei venninne som bur i Bergen var i området og ville ha turfølge. På tidligare turar til Slogen har eg faktisk ikkje gått Slogråsa frå Øye heller, så det var uansett eit nytt aspekt.
Det var ein vanvittig kok oppetter skogen. Veldig fuktig, trykkande, vindstille og varmt. Ørlite bedre oppover lyngen til skaret. Men først i skaret på vel 1200 vart det sånn nokonlunde levelig. Deilig med 18-19 grader og lett trekk på toppen. Trudde mandag var litt roligare, men det var likevel mange titalls turistar i nærleiken av toppen. Enkelte trengte hjelp nedover dei første hundre høgdemeterane. Ein kar var så takknemlig for hjelp over eit småbratt sva at han lova ta meg med i aftenbønna :D
Alle vasskjelder var tørka inn, så når flaskene mine var tomme vart det tørt i halsen nedover lia. Hekta meg omtrent på vasskrana på parkeringsplassen når eg kom ned.
Kommentarer