Flott rundtur med Hans Morten i nydeleg sommarvêr!
Parkerte bilen ved demninga i Ringsdalen og tusla oppover mot Store Dyrhaugstind. Vi tok der på hjelm/sele og fortsatte vidare utover ryggen i retning Midtre Dyrhaugstind Nord. Det var diverse luftige parti på ryggen, men følte aldri behovet for å finne fram tauet under dei perfekte tilhøva vi hadde denne dagen. Camelbacken vart overraskande fort tom i det varme vêret, men det låg heldigvis snø i skaret mot Søre Dyrhaugstind. Oppe på Søre var det også rennande vatn. Vi traff nesten ikkje folk heile dagen, men det var mykje trafikk opp frå Bandet til Søre Dyrhaugstind.
Vel over Midtre Sør og Søre Dyrhaugstind fortsette vi vidare mot Nørdre Midtmaradalstind. Også her luftige utfordringar, men ikkje heftigare enn det vi alt hadde opplevd på Dyrhaugsryggen. På Nørdre Midtmaradalstind sette vi att sekkane og rusla bort på Nestnørdre Midtmaradalstind, som eigentleg dagens hovedmål. Fantastisk utsikt i alle retningar.
Vi la returen via Austre Ringsbreen, Ringsbotn og ut Ringsdalen. Ca 150m nord for det lågaste punktet på Berges skar er det ein arm av Austre Ringsbreen som strekkjer seg langt oppover og er lett tilgjengeleg frå eggen via ei slak renne med mykje lausgods. For fyrste gong på turen kom tauet opp av sekken, og vi gjekk i tomanns-taulag ned på breen og vidare over breflata. Isøks og stegjern er å anbefale ved hardt underlag, men denne dagen gjekk det greit utan. Vi hadde nok sett for oss at returen skulle gå kjappare, men både nedgangen ned til Ringsbotn og dei to øvste kilometrane av Ringsdalen var prega av mykje lause morenemassar. Dette partiet er langt meir sjarmerande på ski i mai. Avslutta dagen med forfriskningar på Turtagrø.
Kommentarer