Bolmtrollhetta og Rypfjellet (21.07.2021)

Skrevet av simenee (Simen Einmo Engdal)

Turtype Fottur
Turlengde 4t 07min
Distanse 23,6km
Høydemeter 1042m
GPS
Bestigninger Svarthåmmåren (946moh) 21.07.2021 12:29
Bolmtrollhetta (1251moh) 21.07.2021 12:52
Rypfjellet (1030moh) 21.07.2021 13:31
Andre besøkte PBE'er Hølstoen p-plass (460moh) 21.07.2021 11:12
Smultringtur frå Helgetunmarka. Bolmtrollhetta og Rypfjellet skulle kryssast av, og i det øyemed bar det innover i slagt og klopplagt terreng langs raudmerka sti over Stormyra. I følge kart skulle det og være sti å finne når eg no skulle bryte av sørover mot Bolmtrollhetta, men denne var ikkje å oppdrive verken på tur eller retur. Slik blei det vading over blaute myrer med nokre modne multer som einaste trøst, fram til ein stod klar for å ta fatt på stigninga opp til Bolmtrollhetta. Fint skue på toppen, kort rast i le for ein småkald vind på ein ellers varm dag, og ned på sørsida for å bestige Rypfjellet. Fin utsikt mot Rindhatten og Trollhøtta herifrå. Retur i overkant av idylliske Bøluvatna og omsider inn att på t-sti mot Helgetunmarka.
Snota og og store deler av indre Trollheimen låg lett synleg frå toppen av Bolmtrollhetta.
Snota og og store deler av indre Trollheimen låg lett synleg frå toppen av Bolmtrollhetta.
Beskjeden varde på Rypfjellet, men dertil ubeskjeden utsikt mot Trollhøtta.
Beskjeden varde på Rypfjellet, men dertil ubeskjeden utsikt mot Trollhøtta.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.