Blåfjellnibba og Kvitegga (15.04.2021)
Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim)
Bestigninger | Sør for Blåfjellnibba (1449moh) | 15.04.2021 09:45 |
---|---|---|
Kvitegga (1489moh) | 15.04.2021 17:14 | |
Sørøst for Blåfjellnibba (1449moh) | 15.04.2021 17:14 | |
Blåfjellnibba (1487moh) | 15.04.2021 17:14 | |
Sætrenibba (859moh) |
15.04.2021 09:45 ![]() |
|
Andre besøkte PBE'er | Ljøen utsiktspunkt (316moh) | 15.04.2021 09:45 |
Med knallmeldingar måtte jo denne dagen nyttast - særlig med tanke på at kona skulle avspasere frå familien heile helga. Etter Uglefisk sine fristande bilete frå Kvitegga var turmålet enkelt!
Snø frå første meter, og ein blikkstill fjord som kulisse. Finfint opp til sætra, med skilt som kunne forklare om både det eine og det andre som hadde foregått opp i bakkane her.
Forbi Ljøsætra fulgte eg berre spora, før eg oppdaga at dei leda meg opp mot ein liten knatt rett ovanfor sætra. Eg snudde rett under toppen og sette kursen opp Ljødalen. For å sitere Cpt. Alberto Bertorelli frå den BBC-produserete dramaserien "Allo allo": what a mistaka to maka. Meir om dette seinare.
Opp Ljødalen var spora frå tidligare i veka berre såvidt synlige, så her vart det brøyting i staden for trikkeskinner. Og i tillegg var det tidenes klabbeføre opp i her. Så her venta rett og slett 700 høgdemeter med slit. Milde måne. Det gav seg ikkje før eg kom på ryggen.
Deretter ryggen over Nord for kvitegga, der ein må forbi eit litt utsatt punkt (i alle fall med mine skiferdigheiter og indre visjonar om skred av ulike slag) og litt bratt opp siste henget til toppen. Sjølve toppen på Kvitegga var flat som ei pannekake, og sidan ein ikkje kan gå nær kantane grunna skavlane så var ikkje dette store romkjensla.
Eg sklei greit tilbake på fellane, og tok lunch ved varden i skaret mot Sørøst for Blåfjellnibba. Milde måne for ei utsikt! Veldig fasinerande desse gardane som har klora seg fast på dei mest usannsynlige plassar langs fjorden. At det går an...
Deretter fint bort mot Blåfjellnibba. Fantastisk utsikt herifrå og ein finare topp enn Kvitegga. Såg også eit stort flakskred som hadde gått i vestflanken på Vatnedalsfjellet, så det er nokon svake lag nedi der ein plass. Obs obs...
Ned frå Blåfjellnibba vart dagens beste nedrenn. Så ein tur innom Nord-for-toppen, før eg henta sekken ved varden og fekk meg 1000 meter med sugeføre nedatt til bilen.
På veg ned såg eg på nabben eg nesten hadde vore opp ovanfor sætra. Skulle det ikkje vere ein pf100 nede på flata ein plass då? Nei, det måtte vere naboen lenger borte. Ai ai ai...

Starttidspunkt | 15.04.2021 09:41 (UTC+01:00 ST) |
Sluttidspunkt | 15.04.2021 14:54 (UTC+01:00 ST) |
Totaltid | 5t 13min |
Bevegelsestid | 4t 01min |
Pausetid | 1t 11min |
Snittfart totalt | 3,3km/t |
Snittfart bevegelsestid | 4,3km/t |
Distanse | 17,4km |
Høydemeter | 1618m |
Kommentarer
Tabbeirritasjon
Skrevet av boven 15.04.2021 22:18Slike tabbar er hårreisande irriterande. Oppskrift: Kjøp kart. Finn deg ein penn og ei øl (Du drikk vel ikkje slikt, men eit saftglas med whisky funkar og). Set ring rundt alle pf 100. I tillegg bør ein være obs på ein del toppar i kategorien 90-99 som etter nye målingar kan bikke over. No er Møre og Romsdal så og seie korrekt, manglar berre nokre få kandidatar til 100-metersgrensa som ikke er sjekka ut med 1m-koter. Sogn og Fjordane er enno meir uklart, då spesielt indre strok der det kjem til å bli ein del endringar.
Sv: Tabbeirritasjon
Skrevet av kobbenes 17.04.2021 08:44Ja dette var skandale. Eg leitar fram melkeglaset og sug til meg alle tips - lytt til erfarne fjellfolk heiter det jo.
Eg hadde jo til alt overmål sett meg ut denne toppen før eg gjekk, men eg var sikker på at den låg lenger borte. Det hadde tatt to sek og sjekka dette når eg stod der. Ei mager trøyst er at Kroksleiven også manglar denne kremtoppen, så den skal vi spare til ein skikkelig skoddedag.