Kyrkjenøse (07.03.2021)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 1t 07min
Distanse 4,2km
Høydemeter 381m
GPS
Bestigninger Kyrkjenøse (1308moh) 07.03.2021 13:32

Som lokalkjendt i mykje av fjellområda på Filefjell, har eg likevel aldri gått opp ved St. Thomaskyrkja på Kyrkjestølane. Så då vart det opp derifrå i dag. Det hadde blæse storm i går og natt, så føret var ikkje topp. Hard skare opp lia. Betre når eg nådde stikka til Dnt-løypa mot Sletningbu, då det flata ut. Følgde skuterspor og stikkene til litt før bandet. Skrådde opp mot toppen på is. Det var såpass lite bratt, at det gikk å stampe stålkantane til feste. Fann ei grei rute, og snart flata det ut. Fin utsikt frå toppen. Ved å gå litt frampå 10 meter frå varden, såg eg ned att til hyttene og vegen ved Kyrkjestølane. Eg var litt spent nedatt, om det braut nokon stad der det var skare. Ein stad braut det litt. Ispartia var greie, då stålkantane tek godt feste i fart nedover. I siste bratta ned mot stølen, fann eg eit parti med mjuk snø, slik at det vart litt fin køyring med gode svingar også. Kjapp grei tur, som må vere fin-fin med passe laus-snø i toppen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.