Melshornet og Grøthornet (03.02.2021)
Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim)
Startsted | Helgatun |
---|---|
Turtype | Randonnée/Telemark |
Turlengde | 1t 30min |
Distanse | 6,5km |
Høydemeter | 648m |
Kart |
Bestigninger | Grøthornet (746moh) | 03.02.2021 18:11 |
---|---|---|
Melshornet (809moh) | 03.02.2021 18:11 |
Nydelig og kaldt vær. I dag hadde eg eit møte i Volda på føremiddagen, og start på mi nye karriere som klatreinstruktør for ungar på Hamna Trening på Eid på ettermiddagen. Og i slikt sinnsjukt fint vær måtte eg jo kome meg ein tur ut. Så grunna litt kort tid fall valet på utfartstoppen Melshornet. Mykje folk og ganske oppkøyrt, men likevel - det er jo heilt sjuuuukt fint! Milde måne, eg har ikkje nok superlativ i ordforrådet for å beskrive denne utsikta og føret. Eg prøvde å ta bilete frå toppen, men telefonen konka sjølvsagt før eg fekk sagt "panorama". Bileta hadde uansett ikkje klart å gjere utsikta rettferd.
Med dette føler eg at eg har opna høgrentekonto i Sunnmørsalpane. No er det berre å byrje sparinga!
Forhåndsvis
Kommentarer
Rentehopp
Skrevet av Affen 05.02.2021 22:04Gratulerer med bytte av bank :)
Sv: Rentehopp
Skrevet av kobbenes 06.02.2021 20:01takk! ganske mykje bedre betingelsar må eg seie :-)