Galden (29.11.2020)
Skrevet av Esone (Einar Moen)
Bestigninger | Galden (1419moh) | 29.11.2020 13:47 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Tyinstølen p-plass (1100moh) | 29.11.2020 12:31 |
Årets andre på ski, og fyrste på Randonee. I går blei det 15 km langrennstur i løyper på andre sida av Tyin-vatnet. I dag fekk eg med min kjære på topptur. Parkerte på Tyinstølen. Systemet med betaling via SMS fungerte ikkje. Vipps neste ? Det ser bratt ut opp frå Tyinstølen, men det lagar seg fint. Min fyrste tur her. Sidan det var minimalt med snø, måtte ruta velgjast deretter. Gikk difor litt høgare i terrenget enn «normalt». Ville unngå vatnet. Flanken mot Galden vart litt Berg- og dalbane. Men vi fann ei grei rute. Svær fin utsikt frå toppen, særleg mot Vang, der det var klarvær og raudskin.
Vi la retur med hensikt bortetter ryggen. Variasjon er kjekt. Det blei litt bratt nedatt frå dette fjellet, men vi fann greie hyller. I skråkøyringa då vi nærma oss sporet opp, presterte eg å køyre i ein stor dump. Litt blindføre, og at feller var på (sidan det straks blei kuppert) resulterte i nesten fall. I det eg korrigerte for å unngå fall, small det i ryggen. Ja-ja. Det var no ein fin tur, og sidan kroppen var varm, kom eg meg greitt nedatt. Men no dagen etter er det delvis ryggleie, sterke ryggsmerter og medisin. Det går nok over løpet av eit par dagar, for vi tru.
Kommentarer
Galden
Skrevet av PeakFloyd 01.12.2020 17:54Hvordan går det med ryggen? Skummelt med det flate lyset på denne tiden av året. Håper det går bra med deg Einar.
Sv: Galden
Skrevet av Esone 03.12.2020 21:50Skulle berre tatt eitt fall. He-he. Takk. Ryggen har komme seg gradvis utover veka. Det går betre enn frykta.