Nok eit Blåfjell (24.10.2020)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Startsted Indre Torvund
Sluttsted Indre Torvund
Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 15min
Distanse 9,9km
Høydemeter 702m
GPS
Bestigninger Blåfjell (719moh) 24.10.2020

Blåfjell er tydeleg eit svært populært namn på fjell. Så å sei at ein har vore på Blåfjell seier ikkje så veldig mykje eigentleg. Denne gongen vart det Blåfjell ved Torvund, langs Sognefjorden. Parkerte ved godt tilrettelagt parkeringsplass langs E39 ved Indre Torvund (nærast tunellen). Denne er godt markert og skilta vidare kor ein skal gå. Gjorde turen som ein rundtur der eg tok til venstre ved første stiskille og gjekk nedatt slik at eg kom ned lenger inn i dalen. Kortaste ruta er nok å gå inn til den innerste stiskille og rett opp, men då vil ein kanskje misse den finaste utsikta. Turområdet er meget godt merka og skilta. Så all ære til dei som har gjort den jobben
Stort sett opphald heile turen, bortsett frå då eg nærma meg toppen. Dessverre så la tåka seg over toppen og var der fram til eg nesten var nede att. Så den "timinga" eg trudde eg hadde greidd, var kanskje ikkje så god likevel.

Skiltet her står ved parkeringsplass.
Skiltet her står ved parkeringsplass.
Tok venstre stien(begge pilene er merka mot Blåfjell)
Tok venstre stien(begge pilene er merka mot Blåfjell)
Utsikt på veg opp
Utsikt på veg opp
panoramautsikt over Sognefjorden
panoramautsikt over Sognefjorden
Eit lite stykke før toppen
Eit lite stykke før toppen
Klarte akkurat å få litt glimt før tåka tetta igjen
Klarte akkurat å få litt glimt før tåka tetta igjen
Her skal det være utsikt mot Guddal
Her skal det være utsikt mot Guddal
på veg ned mot Torvundsdalen
på veg ned mot Torvundsdalen
Øvre stiskille i Torvunddalen
Øvre stiskille i Torvunddalen
Tåka letta etter kvart. Lett å sjå kvar ein skal gå.
Tåka letta etter kvart. Lett å sjå kvar ein skal gå.
Kryssa elva på veg nedatt
Kryssa elva på veg nedatt

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.